Då er vi over i eit nytt år. Vi har lyst opp desembermørkret med lys både ute og inne. Eg trur vi treng det.

Jula er forbi, og smått om senn blir dagane lengre og lysare. Sjølv om vi ikkje har mørketid som i nord, kan vintermånadane med korte dagar opplevast lange og mørke . Vi taklar det på ulikt vis. Nokre fyrer i omnen og nyt rolege dagar. Andre opplever at det er tungt å koma seg gjennom desse mørke månadane. Kanskje kan det ha å gjera med at me menneske opprinneleg kom frå lysare og varmare strøk på jorda. Me har jo budd her nord sidan siste istid og tilpassa oss mørkret og kulden, men kanskje er det framleis noko i genene våre som saknar lys og varme om vinteren. Eg berre stiller spørsmålet. Eg har ikkje svar.

Naturen har tilpassa seg klimaet på ulike måtar. Ein del fuglar flyg mot sør når det går mot vinter. Nokre dyr tek på vinterpelsen og endrar kosthaldet. Bjørnen tek vintersøvnen og piggsvinet går i dvale. Eg las at dyr som går i dvale kan ha ein temperatur ned mot to grader om vinteren, med eit hjarta som slår to slag i minuttet og eit oksygenopptak på 1/50 av det dei treng i vaken tilstand. Forskarane undrar seg framleis på dette fenomenet.

Plantene taklar også kulde og vinter på ulikt vis. Georginene visnar ved den første antydning til frost, andre planter tåler mange minusgrader. Dei er tilpassa klimaet her nord. Ute på markene står grønnkålen like fine. Vi kan halda fram å hausta grønnkål heilt til våren. Jordskokknollen lever under jorda og er like god når våren kjem og tela har slept taket i jorda som før vinteren. Slik er det jo ikkje med potetknollen. Det minste grann frost gjer at stivelsen i potetene blir omdanna til sukker.

Nokre planter høyrer ikkje naturleg heime her, som georgineknollane som me må passa på å få inn før frosten kjem. I den andre enden av skalaen har vi kvitløken og alle løkblomane som må i jorda for å få vinteren på seg for å gje god avling og vakre blomar til våren. Eg gler meg allereie når eg tenkjer på spirene som tittar opp av jorda tidleg på våren, eller helst seint på vinteren i omtrent følgjande rekkefølgje: Eranthes, snøklokker, puscinia, klosterklokker, scilla, krokus, påskeliljer, tulipanar og liljekonvall. Eg kan berre lukka augene og sjå dei for meg. Å som eg gler meg. Seinare på våren spirer staudene opp frå jorda, år etter år. Folk har nettopp kasta ut tre frå stovene sine, tre som var friske for nokre veker sida. Treet kan stå ute i kuldegrader og frost, men etter nokre dagar inne i varmen visnar det.

For ikkje å snakka om frø som kan overleva i årevis som i frølageret på Svalbard. Dei er i dvale, og ligg lagra mørkt og kaltd i årtier og lenger. Om det ein gong skulle bli bruk for dei har dei livskrafta i seg til å veksa og bera frukt.

Kanskje føler me også at me går litt i dvale om vinteren. Kanskje treng me alle ein liten pause i blant, for å kunna vakna til liv og veksa og blomstra igjen. Nå har sola snudd og det går mot lysare tider. Eg gler meg til at naturen skal gå ut av vinterdvalen. Då blir nok eg også klar for å gå ut av vinterhiet mitt.