Valentin og valentinsdagen har ikkje så mykje å gjera med grønnsaker frå Anda andelsgard og dessverre heller ikkje med blomar frå Anda blomstergard. Eg har nemleg ingen blomar å selja på denne tida av året. Men eg vågar allikevel å publisera dette som eg her skriv på nettsida vår – fordi kjærleiken er viktig for alle menneske – også for grønnsaketarar og blomeelskarar.
Sist fredag var det Valentinsdagen. Generelt er eg ikkje så glad i slike dagar, som eg opplever er laga mest for å auka forbruket og for å selja noko. Allikevel skreiv eg for første gong i livet mitt eit valentinskort, og for første gong i livet sitt fekk mannen min valentinskort. Det var ikkje noko spesielt med oss dette året. Sølvbryllaupet er ikkje før neste år. Men eg var i gravferd den dagen. Det var sterkt og vondt. Nokon hadde mista han som var så glad i dei, og som som dei var så glad i. Etterpå ville eg sei og skriva til han som eg er glad i kor takknemleg eg er for å ha nettopp han i livet mitt og for å få vera ein del av livet hans.
Eg kunne ha skrive meir om valentinsdagen, om Valentin og legendene om han, men i staden går eg over til det som eigentleg fekk meg til å skriva denne bloggen, nemleg eit eventyr. Eventyret er på engelsk og er skrive av George MacDonald i 1882. Det heiter The Day Boy and the Night Girl (The Romance of Photogen og Nycteris). Eventyret er langt og lengre enn langt. Eg skal gje eit kort resyme av delar av eventyret, og så har eg prøvt meg på å oversetja ein liten del av eventyret som eg syns er så utruleg vakkert. Dei fleste tekstar er best på originalspråket. Eg er heller ingen kløppar i engelsk eller utdanna oversetjar, men eg prøver meg allikevel.
Eventyret handlar om ein gut, Photogen, og ei jente, Nycteris. Begge blei tatt frå mødrene sine ved fødselen og blei oppfostra av ei heks. Photogen var berre vaken på dagtid og kjende berre til det klare lyset frå sola, medan Nycteris berre var vaken på natta og kjende difor berre til det svake lyset frå månen. Heksa som oppdrog dei begge, let dei aldri møtast.
Photogen var ein sterk og uredd gut på dagtid, men når sola gjekk ned vart han redd og fryktsam. Nycteris såg godt og var musikalsk og fantasifull om natta, men blei livredd når sola stod opp. Ein dag møttest desse to. Aldri hadde Photogen sett noko så vakkert. Etterkvart fann dei ut at dei vil ryma saman frå heksa. Photogen hadde vore sjuk og var utmatta. Dessutan var det natt, så Photogen ville venta til dagen grydde før dei drog av stad – då hadde han fått kreftene tilbake og då var alle uhyra med grøne auge borte. Nycteris derimot meinte at dei måtte dra med det same for å kome seg lengst mogleg bort frå heksa før dagen grydde. Ho stod på sitt og gav seg ikkje, og til slutt let Photogen seg overtala og let seg leia gjennom natta av Nycteris:
«Å kjære! Eg er så trøtt! Og så redd!» sa han.
«Len deg på meg.», svarte Nyctaris, og la armen rundt han eller klappa han på kinnet. «Ta nokre få skritt til. Kvart skritt bort frå slottet er rein vinning. Støtt deg endå meir på meg. Eg er både sterk og frisk nå.»
Slik gjekk dei vidare. Augene til Nycteris såg ikkje så reint få par grøne auge som glimta som hol i mørkret, og ho gjekk mang ein omveg for å halda seg langt borte frå deira veg; men ho fortalde aldri til Photogen at ho såg dei. Forsiktig heldt ho han borte frå dei ujamne stadene og på det mjukaste og mest slette graset, medan ho snakka mildt til han heile tida medan dei gjekk, om dei vakre blomane og stjernene – kor herlege blomane såg ut, nede i sine grøne senger, og kor lukkelege stjernene såg ut opp i sine blå senger!
Då morgonen nærma seg, byrja han å koma seg, men han var forferdeleg trøtt etter å ha gått i staden for å sova, særleg etter å ha vore sjuk så lenge. Nycteris, støttande han, med veksande frykt for lyset som byrja å osa ut i aust, var også veldig trøtt. Til slutt, då begge var like utmatta, var ingen av dei i stand til å hjelpa den andre. Som om dei hadde blitt samde om det, stoppa dei. Dei heldt rundt kvarandre, dei stod midt i ei stor grøn eng, ingen av dei i stand til å gå eit einaste skritt, kvar av dei støtta opp berre av den veikskapen som lente seg til den andre, kvar at dei klar til å falle om den andre ville røre seg. Men då den eine vart endå svakare, byrja den andre å verta sterkare. Då tidevatnet av natta byrja å ebba ut, byrja tidevatnet til dagen å flø; og nå skunda sola seg mot horisonten, fødd på horisonten si skummande bølgje. Og ettersom sola steig opp, så fekk også Photogen nytt liv. Til slutt spratt sola opp i lufta, som ein fugl frå handa til Lysest Far. Nycteris gav frå seg eit skrik av smerte og gøymde ansiktet i hendene sine.
«Å, meg!» sukka ho; «Eg er så redd! Det fryktelege lyset stikk meg så!»
Men i same augneblink, blenda av lyset, høyrde ho Photogen gje frå seg ein lang jublande lått, før ho følte seg sjølv fanga opp; ho som gjennom heile den lange natta hadde pleia og beskytta han som eit barn, var nå i hans armar, boren bortetter som eit spebarn, med hovudet liggjande på aksla hans. Men ho var større, ho som hadde lidd meir, frykta ingenting.
Er det ikkje vakkert. Når den eine er redd, viser den andre vegen, når dei begge er så utmatta at dei ikkje orkar meir, støttar dei seg på kvarandre midt i sin eigen veikskap. Så skiftar det – den sterke blir svak og blir boren av den som igjen har fått styrken.
Dette er betre enn valentinskort og dyre gåver – å vera der for kvarandre, å støtta seg på kvarandre og bera kvarandre – det er kjærleik.
Så har vi ikkje alle denne eine, denne vår Nictyris som hjelper oss i mørkret, eller vår Photogen som ber oss gjennom dagen. Vi har ikkje alle vår Valentin gjennom alle livets fasar – kanskje fordi vi ikkje har funne han eller henne ennå, eller aldri fann han eller henne – eller kanskje fordi vår Valentin ikkje er hos oss meir.
Anten vi nå har vår Valentin eller ikkje, treng vi alle nokon å støtta oss på, nokon som er med oss gjennom mørkret, nokon som gret med oss – nokon som ler i lag med oss, nokon å dela gledene med. Vi kan vera dette for nokon, og nokon kan vera dette for oss – vi kan vera valentinarar for kvarandre.