Vi lever i eit forbrukarsamfunn – i eit bruk og kast-samfunn. Vi skriv ønskelister til jul og fødselsdag, men ofte kunne vi like gjerne kjøpt det vi ønskjer oss med det same. Eller vi veit ikkje heilt kva vi skal ønska oss, for vi har i grunnen alt det vi treng.
Eg held på å lesa ein romanserie om utvandringa frå Sverige på midten 1850-talet og nybyggjarane sitt slit i det nye landet «over there». Det var eit lite skritt om gongen, først eit lite skur, så ei større tømmerhytte, så om nokre år eit skikkeleg hus. Eller først ingen dyr, så ei ku, så to kyr, så ei høne og ein gris. Det var eit hardt liv – og eg kan tenkja meg dei hadde mange og lange ønskeliste. Noko av det dei ønska seg fekk dei kanskje etter eit år, eller to, eller fem – og noko fekk kanskje barn eller barnebarn. Det var nok eit slit som me ikkje kan setja oss inn i, og eg er takknemleg for at eg slepp å slita så hardt for mat på bordet. Trass i slitet trur eg at det må ha vore ei fantastisk glede den dagen den første kua som dei hadde venta så lenge på kom til garden, eller den dagen den første høna la sitt første egg.
Då eg var liten, alstå for snart eit halv århundre sidan, hadde eg ei «passejente. Ho kom etter skuletid for å ta oss småbarna med ut på tur i vogna, og når me blei større – til fots, så fekk mor litt fri eller litt fred til å arbeida i hus eller hage. Passejenta var gjerne også barnevakt om kveldane dersom mor og far skulle vekk. Det var alltid kjekt, for ho var veldig snill. Vi var ofte med henne heim, og vi kalla foreldra hennar for «mamma» og «pappa». «Mamma» og «pappa» hadde mange barn. Dei hadde einebustad, men eg trur eg har eit svakt minne om at passejenta vår fortalde at då dei flytta inn i huset hadde dei ikkje skikkeleg sofa. Den måtte dei spara ei stund for å få råd til. Tenk kor utruleg kjekt det må ha vore då dei fekk den sofaen.
Uavhengig av om dette er ein ekte minne eller noko eg har drøymt, så er poenget mitt at før i tida måtte folk kanskje venta litt lenger før dei fekk det dei ønska seg. Eg seier ikkje at alle i dag heller kan kjøpa alt dei ønskjer seg. Prisane har stige og mange slit med å få endane til å møtast. Men samanlikna med nokre generasjonar tilbake, er det nok oftare slik at vi kjøper oss det vi treng, eller kanskje heller det vi har lyst på, når vi måtte ønska det. Vi ventar ikkje på noko godt så lenge.
Frå eg var liten har far min drive fram sommarblomar som vi planta ute foran grishusveggen. Då eg flytta inn i barndomsheimen heldt eg fram med det same, og i stor grad dei same blomane som far hadde dyrka, mellom anna soløyer, også kalla middagsblomst. Det tek lang tid å dyrka fram soløyer. Først sår eg dei, så spirer dei etter ei tid, og når planten har blitt litt større, priklar eg dei over i litt større potter. Når plantene så er store nok og temperaturen ute er høg nok, plantar eg dei ut i bedet. Som regel er dei ikkje så store då, og dei har berre nokre få knoppar, så det går endå ei stund før dei byrjar å blomstra for fullt.
Kvifor tek eg meg bryet med dette? For det første er det ikkje så mange plassar du kan få kjøpt akkurat soløyer. For det andre er det billigare å kjøpa ein pakke med frø enn å kjøpa femti soløyer eller meir. Men først og fremst handlar det kanskje om gleda ved å venta, venta på at frøa eg har sådd skal spira, venta på at dei blir klare til å priklast ut, venta til dei er store nok til å plantast ut og ikkje minste venta på at blomane skal springa ut. Det er ikkje berre resultatet som er kjekt, dei fargerike soløyene som opnar seg mot sola når ho skin, og lukkar seg om det er overskya, men det er heile prosessen – frå frø til utsprungne blomar. Så er ikkje mitt bed perfekt til 17. mai, slik det kunne vore om eg hadde gått til naboen og kjøpt ferdige sommarblomar. (Nå skal det seiast at eg også kjøper nokre sommarblomar som eg planter i ei krukke eller to litt tidlegare.) Men det gjer ingenting om ikkje alt ser perfekt ut med det same, for eg ventar på noko godt, og den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.
Eg ønskjer ikkje å forherlega alt som var før, men kanskje har vi godt av å venta litt meir. Kanskje kan vi øva oss opp til å ikkje berre kjøpa akkurat det vi har lyst på fordi det var eit slikt utruleg godt tilbod akkurat nå. Om eg ventar litt, og tenkjer meg om, så er det ikkje sikkert eg treng akkurat den kjolen som var på tilbod, eller akkurat dei nye putene til sofaen, den plakaten til å ha på veggen eller den boka som eg så gjerne skulle ha lese. Kanskje kan eg klara meg med litt mindre. Kanskje kan eg heller venta litt for å finna ut kva eg verkeleg treng, og så kan eg kanskje endåtil skriva det på ønskelista mi til eg fyller året i juni, eller til jul. Så kan eg i mellomtida venta og gleda.
For den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.