Andel
Kva er andelslandbruk?
Å driva andelslandbruk vil seia at bonden deler jorda, arbeidet med jorda, utgiftene og grøda med andre. Andelshavaren betaler for sin andel av det som blir dyrka. Bonden har hovudansvaret for drifta på garden; for planlegging, innkjøp, såing, planting, ugrasreinhald og alt det andre som følgjer med det å dyrka mat. Andelshavarane deltek på nokre dugnader. Ein dyrkar mange forskjellige slag grønnsaker som er klare til å haustast på ulike tider av året. Om avlinga vert god, får andelshavarane glede av det, og er avlinga dårlegare, deler andelshavarane denne risikoen med bonden.
Andelshavaren betaler for sin andel av det som blir dyrka.
Pris og dugnad
For 2024 er prisen per andel på Anda andelsgard 3 500 kr inkludert mva. Det vi dyrkar i veksttunnellen (tomat, agurk m.m.) er skilt ut som ein eigen andel. Den kostar 425 kr inkl. mva. i sesongen 2024. Kvar andelshavar må også bidra med 8 dugnadstimar kvart år. Bonden set opp faste tider for dugnader, gjev beskjed kor mange som trengs til dei ulike dugnadane og styrer kva som skal gjerast på kvar dugnad. Som løn for andelsprisen og innsatsen får andelshavarane kvar veke i innhaustingsperioden kome og hauste sin andel av dei grønsakene som er klar til å haustast.
Innhausting
Bli andelshavar
Ta kontakt om du vil bli andelshavar, eller dersom du ønskjer å vite meir om kva dette inneber.