Vi er for tida i gang med å setja opp ein ny veksttunnell, eller eit plastdrivhus vil nokon kanskje kalla det. Uansett kva me kallar det, så skulle det festast i bakken med jordspyd. Desse spyda var 40 mm tjukke, ca 70 cm lange og hadde ei gjenge nederst som skulle skruast ned i bakken. Vi fann ut kor jordspyda skulle stå, målte opp etter beste evne med snor og metermål og sjekka at diagonalane var like lange.
Som eg ofte gjer, bekymra eg meg litt, denne gongen for korleis vi skulle få jordspyda ned i bakken. Eg var glad og fornøgd då me fekk låna ein motordriven maskin som skulle hjelpa oss med det. Vi byrja med det første spydet og det gjekk strålande 10 cm, 20 cm, 30 cm ned i bakken, og så sa det etter kvart heilt stopp. Då var me komne forbi jordlaget og ned til grusen under. Grusen og steinane som har lege der sidan slutten av siste istid for ca 10 000 år sidan. Når ein ser på alle steingardane rundt på Jæren, kan ein jo berre tenkja seg korleis det ser ut nedover i gruslaga, stein på stein, store og små. Det må meir kreftene til meg og mannen min og ein handhalden maskin for å kome nedover i dette laget.
Redninga blei ein mann med gravemaskin som tilbaud seg å hjelpa oss. Spyda kom nedi jorda i løpet av ein føremiddag. Tormod var handmann og eg var med i lag med tre andelshavarar å setja saman bøylane som skulle opp etterpå. Arbeidet gjekk så det susa, og snart var alle jordspyda nede i bakken, og alle var glade og fornøgde.
Så blei bøylane heist på plass og huset byrja å ta form. Eg byrja å studera dagens arbeid meir inngåande, og kva såg eg? Jordspyda stod ikkje akkurat snorbeint. I møte med steinar og grus, hadde ikkje alle blitt skrudd ned akkurat der som me hadde tenkt. Dei hadde nok lurt seg ned på eine eller andre sida av den eine eller andre steinen, og då blei det altså ikkje heilt ei rett linje.
Det gjer vel ingenting, vil dei fleste vel seia. Og fornuften min seier det same. Veksttunnellen vil gjera godt nytte om ikkje alt er snorbeint, i lodd og i water. Men eg føler det ikkje slik, eg får neste vondt av å sjå på slikt. Det er mitt problem.
Eg vil ikkje seie at eg er ein perfeksjoniset. Det ser du fort om du kjem inn i huset vårt. Det er det sjeldan særleg strigla, og spør du ungdommane i huset, så er det både det eine og det andre som burde vore bytta ut av møbler, tapet eller maling.
Men, eg plar seie at eg er litt firkanta i hovudet. Eg er nok ein systematikar. Eg likar system, men klarer ikkje alltid heilt å følgja opp mine eigne system. Eg likar symmetri og rette linjer. Eg likar skjema og tabellar. Arbeidet er nesten gjort når eg berre får skrive inn i eit skjema eller på ei liste kva som skal gjerast. Eg får nesten vondt inni meg av bilete som heng skeivt eller av skeive potetfårer. Korleis skal eg nå forhalda meg til denne halvskeive veksttunnellen som forhåpentlegvis skal stå ein del år der han blei skrudd fast i jorda?
Eg kan sjølvsagt velja å fokusera på det som ikkje er perfekt kvar gong eg kjem inn i veksttunnellen. Eg kan bekymra meg for kva folk tenkjer om alt som ikkje er på linje, lodd og i water. Eller eg kan velja å fokusera på det som skal veksa inni tunnellen; tomatar som skal modnast i sola og masse flotte blomar.
Nokre gonger i livet må vi godta at ikkje alt vart slik vi hadde tenkt, at ikkje alt er så perfekt som det skulle. Eg kan øva meg på dette med dei små og eigentleg mindre viktige tinga som ein veksttunnell, så klarer eg det kanskje litt betre når det er viktigare ting i livet som går litt på skeiva.